Full fart framover!

Dagen begynte på best muleg måte, med en frukost der vi fekk lange innpå med så masse ost og heimelaga kompott som vi berre orka. Fekk også tips frå den trivlege verten om at neste tur burde vere Chile på langs. Den må vi nok tenke litt på før vi realiserar det.


 

Når vi begynte å sykle viste det seg raskt at vi lærer ikkje av tidlegare tabbar, og vi fann ut vi igjen skulle ta en lur snarvei. Enda opp på gras- og grusveiar, og sjølv om vi sparte nokon meter, trur ikkje eg vi sparte noko på tida. Men då vi endeleg fekk fast dekke under hjula igjen gjekk det unna. Frida la seg i front og drog opp tempoet, så for meg var det berre å hive seg på hjul. Ei ok arbeidsfordeling for meg vertfall, og trur egentlig Frida likar å ligge fremst og vise musklar.


 

I tillegg til å by på masse god mat, som vi virkelig har stappa i oss rikelig av, har også skiltinga langs veiane her i Italia vore bra. Det er godt merka med vegnummer, noko som har spart oss mykje tid i kartlesing og gitt oss ei kjensle av å suse avgårde dei siste dagane. Avstandande som står oppgitt på skilta derimot, trur eg stort sett er gjort på augemål med eit par glas prosecco innanbords. Aldri godt å vite kor langt vi har igjen. 

Vi har uansett fått gjort unna 120 kilometer idag i stort sett flatt og fint terreng. I løpet av dagen har vi også fått vegd syklane, og med full oppakning vege dei rundt 40 kg kvar. Aldeles nok å slepe med seg. No er vi rett uttanfor Cuneo og har sjekka inn i ei hyggelig lita leilighet for natta. Her skal vi sørge for å lade godt opp, for no er det klatring og bratte bakkar på programmet igjen. I morgon kryssar vi over grensa til Frankrike, og på onsdag tar vi sjarmøretappa inn til Nice.

 

Gunnvor 

2 kommentarer

Trine

20.09.2016 kl.01:00

Høyres optimalt ut med mykje ost og kompott før en dag på sykkelsetet, ja😊😫

Lykke til med innspurten!

Emma

20.09.2016 kl.14:58

Når du blir lei av lærar-utdanninga tenke eg du burde satse på forfattar-yrket:-)

Skriv en ny kommentar

femtusenkm

femtusenkm

30, Ålesund

Vi er to ladies fra Vestlandet som liker å sykle. Det viktigste for oss er at når vi drar på tur, så skal det bare være langt, og helst ikke særlig gjennomtenkt. Vi er begge mere glad i motbakker enn motvind, og vi rasjonerer sjeldent på ride glide. Vi tror på at livet tilhører dem som oppholder seg ute, der hvor livet er <3

Kategorier

Arkiv

hits