Kviledag

I dag er det fri frå sykling, og det kjennest greit ut med litt pause etter dei par siste harde og lange dagane.

Lørdag kom vi fram til Rosmari og Kurt, og der vart tatt imot og oppvarta på ein måte vi aldri kunne drøymt om. Kurt kom syklande og møtte oss, så siste mila fekk vi en guida tur gjennom byen og ein pause frå kartlesinga. Vel framme vart vi innlosjert på loftet i huset deira, og her stod senger allereie oppreidd til oss. Vi fekk servert fleire rettars middag, litt rosé i glaset og kosa oss glugg ihel. Etter sju netter i telt var det deilig å kunne legge seg i ei seng og vi sov så godt som vi ikkje har gjort på lenge. Søndag morgen stod vi opp til ein frukostbuffet eit femstjernes hotell verdig. Tusen takk til Kurt og Rosmari for deira gjestfrihet og inspirasjon til to trøytte syklistar. 


 

Til tross for mykje god mat og kvile vart søndag ein tung dag. Vi sykla berre rundt 90 km, men terrenget var bratt. Bakkar med opp mot 14% stigning utpå ettermiddagen når sola varma som mest tappa oss raskt for krefter. 


 

I går gjekk det litt lettare, og vi enda då på 150 km. Vi kom fram til Lindau som ligg ved Bodensjøen, heilt på grensa til Østerrike og Sveits. Her skal eg prøve å nyte fridagen min så godt eg kan. 
 


 

Totalt har vi no trakka 1320 km sidan starten i København. 

Gunnvor 

Én kommentar

Sabine

13.09.2016 kl.13:52

Hvor er I seje! Alperne i 30 graders varme er ikke for kyllinger.... Nyd de smukke udsigter! Rigtig god hviledag i dag!

Skriv en ny kommentar

femtusenkm

femtusenkm

30, Ålesund

Vi er to ladies fra Vestlandet som liker å sykle. Det viktigste for oss er at når vi drar på tur, så skal det bare være langt, og helst ikke særlig gjennomtenkt. Vi er begge mere glad i motbakker enn motvind, og vi rasjonerer sjeldent på ride glide. Vi tror på at livet tilhører dem som oppholder seg ute, der hvor livet er <3

Kategorier

Arkiv

hits